Kommunedirektør Haram - Ålesund kommune - Brattvåg/Ålesund

Vil du leie arbeidet med å byggje ein ny kommuneorganisasjon i Haram kommune?

'

14. juni 2022 vedtok Stortinget å dele Ålesund kommune, og det er vedtatt at dei to nye kommunene skal heite Haram kommune og Ålesund kommune. To nye kommunestyre skal velgast i det ordinære kommunestyre- og fylkestingsvalet hausten 2023, og dei nye kommunene skal vere i drift frå 1. januar 2024. Førebuingane er i gang, og det er oppretta to utval som skal handsame saker som gjeld etablering av dei nye kommunene. Kommuneutval Haram søkjer no etter prosjektleiar/kommunedirektør til Haram kommune.

Nye Haram kommune søkjer ein tillitsskapande og samlande kommunedirektør med innsikt, forståing og interesse for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Vi ser etter ein leiar som involverer dei tilsette, tar avgjerdsler og har god gjennomføringskraft. Den nye kommunedirektøren må vere ambisiøs på kommunen sine vegne, og skal bidra med entusiasme og nye idear.  

Kommunedirektøren vil ha ansvar for bygging/implementering og utvikling av ein ny organisasjon, samtidig som det eksisterande tenestetilbodet skal vidareførast og vidareutviklast. Vi er opptekne av kommunen som samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og relevante kandidatar må ha god forståing for kommunen som samfunnsaktør. Den nye leiaren må difor ha eigenskapar som sikrar gode relasjonar både internt i organisasjonen, og til innbyggjarar, nabokommunar, næringslivet og andre eksterne samarbeidspartar. 

Vi ynskjer oss ein tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein tillitsbasert, motiverande og samlande leiarstil. Høgare relevant utdanning og dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar vert vektlagt.

Vi tilbyr stort handlingsrom i ein ambisiøs kommune der du får kombinert strategiske eigenskapar med operative ferdigheiter. Stillinga gir utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal byggast, med stort potensial og kompetente medarbeidarar. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.

Søk på stillinga her snarast, og seinast 28.08.2022

Det vert utarbeida offentleg søkjarliste og vi viser til offentlegheitslova §25, andre ledd om høve til å verte unnateke søkarlista. 

 
Ålesund kommune logo

Om selskapet

Om nye Haram kommune

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 blir Haram eigen kommune frå 1. januar 2024 med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund. Kommunen vil ha om lag 9300 innbyggjarar. Haram var før samanslåinga ein av fylket sine viktigaste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.

 

Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen var i industrien ved samanslåinga i 2020. I tillegg til verkstadsindustrien, har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Haram er og ei stor fiskerikommune.

 

Kommunen har eit rikt idretts – og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.

 

Brattvåg er kommunesenter, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.