Dagleg leiar

Stryn Energi AS

***

  • Plassering

    Stryn

  • Selskap

    Stryn Energi AS

  • Referansenummer

    NO-03564

www.stryn-energi.no

Stryn Energi AS logo

Stillingen

Energibransjen står overfor store endringar dei neste åra med digitalisering, strukturendringar, meir fornybar energi og ei rivande teknologiutvikling. Vi søkjer no etter kaptein til laget som skal leie Stryn Energi i denne spennande tida og bidra til ytterlegare vekst i ei framtidsretta næring.

Den vi søkjer har god teknisk og økonomisk forståing, og har evne til å jobbe målretta og strategisk for å realisere målsetningane til selskapet på kort og lang sikt. Det er ønskeleg med erfaring innan endringsleiing og forretningsutvikling, samtidig som ein har fokus på strømlinjeforming av dagleg drift.

Vi søkjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar som saman med styret skal leie den vidare utviklinga av Stryn Energi. Dagleg leiar har det overordna  resultat- og personalansvaret, og er samstundes ansvarleg for å realisere verksemda sin strategi. 

Vi ser etter ein person som trivast med både operativt og strategisk arbeid, og som har sterk evne til å gjennomføre. 

Den vi søkjer har høgare utdanning, og bakgrunn frå kraftbransjen vil vere ein fordel. Rette vedkomande  er involverande og relasjonssterk og vil vere ein rollemodell som skaper tillit både hos tilsette, eigarar og styret. Vi verdset  initiativ og gjennomføringskraft. Gode evner til samarbeid  er ei forutsetning.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i ein marknad i endring. Dagleg leiar  vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Bjørn M Godsveen tlf. 975 59 063/ Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036. Eventuelt styreleiar Rune Egil Myklebust tlf. 959 23 253. 

Søk på stillinga på Jobbnorge snarast og seinast 5. mai 2019.

Om selskapet

Stryn Energi vart etablert i 1920 og som kraftkonsert frå 2007. Det består av morselskapet Stryn Energi AS og dotterselskapet Innvik Kraftverk AS. Selskapa er heimehøyrande i Stryn Kommune. Stryn Energi AS driv produksjon, overføring og omsetnad av elektrisk energi. Konsernet har 21 tilsette, omsette i 2017 for ca. 100 mill. kroner og har ein eigenkapital på nær 86,5 mill. kroner.

Les meir på www.stryn-energi.no