Rådmann

Rådmann

Framtidsretta - Inkluderande - Synleg

  • Plassering

    Aksdal

  • Selskap

    Tysvær kommune

  • Referansenummer

    NO-02711

  • Publiseringsdato

    23.08.2017

www.tysver-kommune.no

Stillingen

Vi søker ein framtidsretta og synleg rådmann som kommuniserer godt, som er tydeleg og resultatorientert.  Vår nye rådmann er utviklingsorientert, målretta og ein sterk teambygger som også er opptatt av å utvikla eigen organisasjon.

Vi er opptekne av kommunen si rolle som samfunnsutviklar og ser det som avgjerande at ein ny rådmann etablerer gode relasjonar mot næringslivet  og andre eksterne samarbeidspartnarar. Ei sentral oppgåve vil vere å vidareutvikle Tysvær som ein effektiv og serviceorientert kommune. Å sikre eit godt samarbeid mellom administrasjon og det politiske nivå samt iverksetjing av politiske bestillingar vil og vere sentralt.

Vi ynskjer ein framtidsretta og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og med ein motiverande og inkluderande leiarstil.

Det er ein føresetnad at rådmannen har kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon. Me ynskjer søkjarar med høgare utdanning, solid leiarerfaring  frå offentleg og/eller privat verksemd, gode kommunikasjonsevner samt god kjennskap til offentleg forvaltningsarbeid.

Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune i positiv utvikling, med godt omdømme og med mange dyktige medarbeidarar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Sigmund Lier, tlf. 971 98 320 eller Mercuri Urval ved Silje Bolset  tlf. 975 59 049 eller Arvid Bø tlf. 450 93 677. Alle førespurnadar vil bli handsama fortruleg. Søk på stillinga her, via JobbNorge, snarast, og seinast innan 17.09.2017.

Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det visast  i denne samanheng til offentlegheitslova§ 25, andre ledd vedrørande moglegheit for å bli unnateke søkarlista.


Om selskapet

Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet og grensar mot kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Sveio og Vindafjord. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund. Aksdal er eit sentralt kommunikasjonsknutepunkt som bind heilårsvegen E 134 over Haukeli til Oslo saman med E39, kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen. Tysvær kommune er kjend for sin flotte og vekslande natur. Mange fjordar riv opp landskapet og formar ei kystlinje på heile 220 km. Frå Aksdal, som det føreligg omfattande utviklingsplanar for, med nytt regionalt kjøpesenter, næringsparker og attraktive bustadområder, er det omlag 15 min. køyretid til Haugesund. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og med eit godt og desentralisert utbygd skule- og barnehagetilbod.