Leiar for økonomi

Voss Energi AS

Location: Voss

Apply before: 2026-08-25

Publish date: 2026-07-07

Reference number: NO-05662

Er du oppteken av fornybar energi og ønskjer å bidra til solid økonomisk styring i eit lokalt kraftkonsern som leverer samfunnskritiske tenester? Då kan du vere vår nye leiar for økonomi.

 

Me søkjer ein operativ og strategisk leiar for økonomi som vil sikre god økonomikontroll, effektive prosessar og robust styring i ei verksemd der stabil drift er avgjerande. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av lønsemd, investeringar og risiko innan kraftproduksjon og infrastruktur som samfunnet er heilt avhengig av.

 

Som del av konsernleiinga vil du medverke til at Voss Energi leverer trygge og pålitelege tenester, samstundes som me vidareutviklar verksemda i møte med nye krav og moglegheiter i energimarknaden.

 

Om stillinga

Som leiar for økonomi har du det heilskaplege ansvaret for konsernet sin økonomifunksjon. Stillinga er organisert i morselskapet Voss Energi AS og rapporterer til konsernsjef. Du inngår i konsernet si leiargruppe.

 

Ansvarsområde

  • Overordna ansvar for rekneskap og økonomirapportering i konsernet
  • Finansiering og likviditetsstyring
  • Budsjett- og prognoseprosessar
  • Fakturering og lønskøyring
  • Investeringsanalysar og prosjektoppfølging, særleg innan kraftutbygging og nett
  • Risikostyring og internkontroll
  • Dialog med styre, revisor og relevante myndigheiter
  • Vidareutvikling av økonomifunksjonen og digitale løysingar
  • Strategiske bidrag i konsernleiinga
  • Myndigheitsrapportering, økonomiske analysar og statistikk

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan økonomi og/eller rekneskap, eventuelt relevant erfaring
  • Solid erfaring med økonomistyring
  • Gjerne erfaring med konsernrekneskap
  • God forståing for rekneskap og finans
  • Kompetanse innan IT og digitale løysingar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

I medhald av kraftberedskapsforskrifta gjennomfører me bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Dette omfattar identitetssjekk, stadfesting av arbeidsforhold og utdanning, kredittsjekk og søk i opne kjelder.

 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og metodisk
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Har høg gjennomføringsevne
  • Har gode leiar- og samarbeidsevner

Me kan tilby

  • Ei sentral leiarrolle i eit selskap som leverer samfunnskritiske tenester
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 058/gro.reinertsen@mercuriurval.com

Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.

Voss Energi er eit kraftkonsern med verksemd innan nettdrift, kraftproduksjon, kraftsal, fjernvarme og breiband/TV. Konsernet har 55 tilsette og ein årleg omsetnad på om lag 450 millionar kroner. Voss Energi AS er eigd av Voss herad. Me tilbyr eit engasjert arbeidsmiljø i ein bransje som er viktigare enn nokon gong.

Voss Energi AS – Din lokale kraftleverandør | Voss Energi

Apply now

  • A selection of gender is not mandatory, and not making a selection will have no consequences for you in our cooperation. This data is used for diversity monitoring only: creating aggregated statistics regarding the diversity of candidates in relation to particular roles or fields; conducting studies into equal treatment; assisting clients in achieving their diversity goals; tracking the outcome of our work on inclusion.
  • Submit CV *
  • Submit letter
  • You Today
You Today
  • You Tomorrow

Help us find jobs that you find interesting for the future.

You Tomorrow
  • How often do you want to receive the Assignment Bulletin corresponding to your You Tomorrow profile?

Where did you learn about this job?
  • Mandatory