Guest Relations Manager - Hotel Union Øye

Hotel Union Øye - Øye - Ørsta


Service - High-end - Hotel

Service - High-end - Hotel

Vil du vere ein del av historia og ei reise inn i framtida på Hotel Union Øye?

Vi ser etter ein motivert medarbeidar og leiar, som set si ære i å gjere eit opphald hos oss til ei minnerik og unik oppleving. Denne stillinga skal sikre at våre gjestar får ei hjarteleg mottaking, og er hovudkontaktpunktet for gjestane under opphaldet. Stillinga rapporterar til Hotelldirektør og er ansvarleg for leiing og utøving av vertskapsrolla.

Som Guest Relations Manager har du ansvar for dagleg drift av avdelinga. Det innebærer både personal-, budsjett- og resultatansvar, og gjennom god leiing skal du sikre eineståande service og kvalitet på våre tenester. Stillinga har også eit operativt ansvar for HMS, og som leiar er du ein rollemodell og aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi søkjer ein person med relevant utdanning innan hotellfag og/eller leiing. Lang drifts- og leiarerfaring frå liknande stilling kan kompensere for manglande utdanning. Vidare må søkjarar ha god økonomiforståing og vere grunnleggjande serviceinnstilt, positiv og energisk. 

Som leiar må du vere raus, tydeleg og profesjonell i handteringa av dine tilsette. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er ein forutsetnad. Du må vere genuint oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar.  Samtidig må du ha eit hjarte som slår for menneska rundt deg, både dine kollegaer og dine gjestar. I rolla som Guest Relations Manager må du evne å handsame periodevis høgt arbeidspress, og du er ein person som beheld roa i eit hektisk og høgt tempo

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelige kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.
Kontakt hotelldirektør Mariann Øye tlf. 977 43 455 eller Mercuri Urval v/ Mette Slinning tlf. 975 59 025 eller Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 for ytterlegare opplysningar.

Søk via mercuriurval.no snarast – og seinast 30.januar

 

 

https://www.62.no/en/articles/video/hotel-union-oye/ Hotel Union Øye logo

Om selskapet

Hotel Union Øye, 62°NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av  

Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.