Leiar for byggesaksavdelinga

Leiar for byggesaksavdelinga

Utvikling - Leiing - Tilrettelegging

Søk
  • Plassering

    Straume

  • Selskap

    Fjell kommune

  • Referansenummer

    NO-02656

  • Publiseringsdato

    09.06.2017

www.fjell.kommune.no

Fjell kommune  logo

Stillingen

Som leiar for byggesaksavdelinga vil du sikre god service til innbyggjarar og næringsdrivande og leggje til rette for vidare utvikling av kommunen. Du vil ha eit overordna ansvar for å kvalitetssikre byggjesaker og ha ansvar for tilsyn og oppfølging av byggeverksemd.  I avdelinga er det 12 tilsette som vil rapportere til deg og du vil vere ein del av plan- og utbyggingssjefen si leiargruppe.

Vi søkjer ein tydeleg og pragmatisk leiar som likar å finne gode løysingar for kommunen og våre samarbeidspartnarar. Du vil arbeide strategisk for å utvikle avdelinga vidare og leggje til rette for god dialog med utbyggjarar og folk som bur i kommunen.  Du vil og vere i dialog med politisk leiing i kommunen og andre offentlege instansar. Gjennom dette vil du sikre høg kvalitet på tenestene våre, i samsvar med plan- og bygningsloven.

Vi ser etter kandidatar med høgare utdanning og med god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon. I tillegg ønskjer vi at du har god kjennskap til kommunesektoren og plan- og bygningsloven. Solid leiarerfaring og dokumenterte gode leiareigeskapar vil bli vektlagt. Det er avgjerande at du er løysingsorientert og god til å motivere og leggje til rette for god samhandling.

Vi tilbyr ein utfordrande og spennande stilling i ein attraktiv region i endring og vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 / Tarald Mong tlf. 975 59 054. Alle førespurnader vil bli handsama fortruleg.

Søk på stillinga snarast, og seinast 13.08.2017.


Om selskapet

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av god service, samarbeid og fagkompetanse. Plan- og utbyggingsavdelinga består av tre avdelingar, plan, byggesak og miljø, geodata og oppmåling. Vi er 45 tilsette og det er mykje samarbeid om oppgåvene, både internt på avdelinga, i Fjell kommune og med eksterne aktørar.